Elevproduserte tova tøfler finn du også i Den grøne butikken på Voss jordbruksskule.

Marknadssjefane i elevbedriftene ved denne vidaregåande skulen treng ikkje gå over bekken etter utsalsstad for produkta sine. Og villmarkslærar Ragne Berre tek gjerne varene i kommisjon. Ho er ein av tre som satsar på butikk med kortreist og helst økologisk mat, der Jordbruksskulen tidlegare hadde grønsaksutsal. Elevprodukta har okkupert eit hjørne av butikken.

Bursdagsfest til hest Ikkje alle produkta til elevbedriftene eignar seg til handel over disk. Skiinstruksjon må du i Bavallen for å kjøpa. fjellklatring vert tilbode innandørs, i klatrevegg, medan ponniar kan ridast både inne (i ridehallen) og ute. Men før du kan stiga i salen, må du læra grunnleggjande strigling og stell.

— Vil du kjøpa eit heilt fødselsdagsselskap med ponniriding for alle gjestene, så grillar vi pølser og baker kaker også, reklamerer Cathrine Elise Rødseth på hestelina.

Prisen varierer med talet på gjester.

Mønstrar til jul Elevbedriftene på vidaregåande skule heiter formelt ungdomsbedrifter, og får UB bak namnet ved registrering i Brønnøysundsregistrene. EB gjeld for ungdomsskulen og SB for studentbedrifter.

— Dei kan ikkje gå konkurs, berre nesten, seier Ragna Berre.

— Vi produserer no for fullt framfor julemønstringa, seier villmarkselevane Anna Bergo, Ruben Relling og Lea Steinhovden.

Dei legg vekt på kvalitet i sine hekla og strikka luer og panneband med Friik profesjonelt innsydd. Her må dei store merkenamna sjå opp for ein konkurrent.

På nyåret skal dei til Bergen og tevla om heider ære og premiar med elevbedrifter ved andre skular.

RIDETUR: Ponniane kan vera god inntektskjelde for ei elevbedrift på Voss jordbruksskule, har Cathrine Elise Rødseth og dei andre på hestelina funne ut. Foto: Arne Hofseth