Bergens Tidende tyr stadig til Magnus Skildheim for spådommar i veret. Her har du profetiane heilt tilbake til 2001. Vi har sjekka med meteorologikonsulent Magnus Anglevik ved Vervarslinga på Vestlandet korleis det faktisk blei. Det har blitt både heilbom og full klaff!

Mai 2008: Magnus Skildheim seier til BT at vi har ein lite hyggeleg sommar i vente. – Eg trur ikkje dette blir Den Store Sommaren, Sa Skildheim til BT. Ifølge Skuldheim skulle det beste sommarveret treffe rundt 23. juni.

Slik blei det: Vi fekk ein varm og fin sommar, der særleg juli skilde seg positivt ut. Også august var varmare enn vanleg. 23. juni var fin med ein makstemperatur på 16,4 grader, men det beste veret fekk vi i juli. Heilbom frå Skildheim, altså.

Mars 2007: Skildheim forutsa at det fine sommarveret ville slå inn i midten av juli, og vare ut i august.

Slik blei det: Vi fekk ein strålande juni og ein søkkvåt juli på Vestlandet. Juni var knusktørr med ein snittemperatur på 16 grader. I juli var det nesten dobbelt så vått som normalt, og vått var det også i august. Spådommane til Skildheim slo feil.

November 2005: Verprofeten varsla skiføre og snø i julehelga. Det skulle bli ein forholsdvis kald vinter, der skientusiastar ville få brukt skia. Naturteikna var sprikande, og profetien frå Skildheim var difor ein vinter med mykje uroleg vêr, men óg kulde og snø i periodar.

Slik blei det : Det kom verken snø på julafta eller dagane kring. Skildheim fekk rett i at det vart ein skiftanden vinter temperaturmessig. Januar og februar var milde, medan kulden sette inn i mars. Derimot var det ikkje mykje snø denne vinteren. På det meste var det åtte centimeter snø, men den låg ikkje lenge.

Mars 2005: Mars dette året spådde Skildheim fint ver i april, men kaldt i mai. På nærradioen i Luster varsla Skildheim eit flott påskever.Vestlandssommaren skulle bli grå, våt og kald. Desidert mest regn ville det komme i juli, ifølge verprofeten.

Slik blei det: Spådommen om våren og påskeveret slo hundre prosent til. Sommaren var det verre med. Juli var veldig fin med ein snittemperatur på 16,3 grader, som er to grader over normalen. Juli var veldig tørr med berre 60 prosent av normalen med nedbør. Det blei våtare i august.

Juni 2004: Verprofeten frå Vadheim spår at godvéret kjem etter 17. juli og varar ut i august.

Slik blei det: Her slo profetien til. Juni 2004 var kald, medan varmen kom i august. Då var det 17,4 grader i snitt, som er heilt i særklasse.

Mars 2003: Våt 17. mai, våt påske og ikkje minst våt sommar. Skildheim avlyser sommaren.

Slik blei det: På 17. mai kom det ikkje ein dråpe regn. Palmesøndag kom det litt regn, men ikkje mykje. Sommaren var ganske normal nedbørsmessig. I juni var meir nedbør enn vanleg, juli var normal medan august var relativt tørr.

Januar 2001: Vinteren i 2001 blir både mild og ustabil. I låglandet kjem det ikkje meir snø før i slutten av mars. Mai blir fin. Sommaren heng det derimot mørke skyer over. Slik var spådommen frå Vadheim.

Slik blei det: Januar var varmare enn vanleg, medan februar og mars hadde fleire kuldeperiodar. Det kom snø både i februar og mars, på det meste 24 centimeter. Skildheim hadde rett i at mai var fin med langt mindre nedbør enn vanleg. Det vart også svært vått både i juni og august.

Korleis skaffer du deg informasjon om veret? Bruk kommentarfeltet.

BERGENS TIDENDE