Nordstrand seier til Kystradioen at han tilhøyrer i den borgarlege leiren og mislikar politikken frå den raudgrøne regjeringa.

Han meiner kommuneøkonomien er blitt verre etter at partikollega Magnhild Meltveit Kleppa overtok som kommunalminister. Nordstrand er også provosert over at SV har fått gjennomslag i livssynssaker som formålsparagraf i skulen og ekteskapslova. Lokalpolitikaren vil halda fram som varaordførar og seier at han vil halda seg til programmet han er vald inn på.