No tek han sjølv imot halvt løna stilling som varaordførar i Fjell.

– Politikk er jo jobben vår, eg merkar ikkje arbeidspresset, sa han den gongen. No skal han og ordførar Inge Ree (Krf) ta imot til saman 700.000 årleg. Frp kravde etter valet å få ordførarvervet. Men då Høgre og Krf nekta, vart kompromisset at FrP skulle få løna varaordførar.

– Årsaka er utelukkande at vi skal få balansen i fleirtalskoalisjonen til å gå opp, seier Indrevik til VestNytt.