For to år sidan følte Astrid Sletten seg utbrent etter seksten år i same jobb. Mest av alt var ho berre trøytt, trøytt, trøytt.

Ho jobba skift, reiste mykje og hadde fleire styre— og tillitsverv. Helsa vart verre og verre, og fleire gonger vart ho langtidssjukmeldt.

— Eg var så trøytt at eg vart rasande, då mannen min føreslo at vi skulle reise på ferie til Syden. Eg ville berre sitte heilt stille i sofaen, seier Sletten til BT.

Til slutt meinte legen at ho burde søke omskulering. Då tenkte Sletten at ho heller ville finne på noko sjølv, noko ho verkeleg hadde lyst til.

I januar 2001 tok den utbrente 43-åringen det store spranget. No har ho fått livsmotet og arbeidslysta tilbake.

«Overmoden de luxe»

Utan ny jobb å gå til, sa ho opp si faste stilling på Meteorologisk institutt i Bergen. Halvtanna år seinare opna Sletten eigen interiørbutikk på Nesttun, og jobbar i dag meir enn nokon gong.

— Eg har ikkje angra eit sekund. Eg var overmoden de luxe, ler ho.

Ein av dei evinnelege diskusjonane på jobb om vaktplanen gjorde utslaget.

— Eg høyrde meg sjølv snakke, og tenkte: «Gu' for ei gammal, gretten kjerring du er blitt. Slik du lovde deg sjølv aldri å bli». Då skjønte eg at eg måtte kome meg derifrå.

Og det gjorde ho.

— Det var nifsare å tenkje på det enn å gjere det, fortel Sletten på det overfylte bakrommet til Cornella Interiør AS.

Kartongar, varer, kontorutstyr og interiørmagasin slåst om plassen. Mens det store butikklokalet i naborommet er ein velregissert idyll; ein lokal drømmefabrikk for kvinner med ledig hylleplass.

Solid keramikk og tynne stettglass poserer side om side med lekre lamper og gode stolar. Her er runde krukker med chutney til kjøkkenet, lyse lindukar til søndagsmiddagen og teddybjørnar til barneværelset.

— Eg brukte lang tid på å bestemme meg for kva eg skulle finne på. Men eg har alltid interessert meg for interiør, og kan mykje om det.

«Mor, du boblar!»

Sletten er dagleg leiar og medeigar i butikken. Sidan juli i fjor har ho berre hatt to fridagar.

— Eg har alltid hatt full jobb, men aldri jobba så mykje som no. Eller hatt så lite løn. Eg håpar det er ein overgang. Men det er veldig kjekt, seier ho med trykk.

— Eg lærer masse nytt kvar dag, møter mange hyggelege folk og har lite fritid. Men no er eg også lykkeleg når eg har fri. Sonen min sa nettopp at eg brukte så mykje tid på å irritere meg før. «Men no boblar du, mor!»

— Dersom du ikkje hadde gjort det du gjorde, korleis hadde du hatt det i dag?

— Eg får vondt i magen berre eg tenkjer på det. Hadde eg ikkje hatt mot til dette, hadde eg vel site i sofaen enno.

<b>VAR UTBRENT:</b> Då ho var lita jente, likte Astrid Sletten å leike butikk. 43 år gammal og utbrent gjorde ho alvor av leiken. - Eg har ikkje angra eit sekund, seier ho til BT.