• Eg var redd Vinjar vart utsett for giftig røyk, og tok meg fram til rommet hans litt brennkvikt, seier Sigbjørn Slaatten til Bergens Tidende.

ARNE HOFSETH (tekst og foto)

Han måtte ta seg fram gjennom røyken og i stummande mørkre, då han oppdaga at huset stod i brann ved 04-tida natt til laurdag.

Uskadde

Men både Vinjar (kulekøyrar i konfirmasjonsalderen), søstera Vilde og begge foreldra kom seg uskadde ut av huset på Lemme, ei dryg mils veg nordaust for Voss sentrum.

— Vi har førebels flytta inn i ei ledig hytte i Bavallen, fortel mor, Marta Katrine Vethe.

Ho er oppvaksen i Bavallen der foreldra dreiv Bavallstova Pensjonat. Eigedomen er no utvikla til eit omfattande prosjekt med fritidsbustader.

Det er ikkje berre-berre å organisera kvardagen etter ei slik redselsnatt som dei opplevde på Lemme.

To brannar på ei natt

— Vi fekk berre på oss dei kleda vi fann ute i vindfanget. Vinjar måtte låna klede hjå ein av nabogutane, fortel faren.

Sigbjørn Slåtten melde to brannar same natta til brannvernet med mobiltelefon.

Ved 01-tida oppdaga han at eldhuset til naboen stod i brann. Der hang kjøt til røyking. Telefonsambandet vart brote, fordi telekabelen hang i lufta rett over eldhuset vart svidd. Då brannvernet hadde teke over sløkkinga her, gjekk Slaatten og la seg, for han hadde avtala eit møte laurdag.

Ved 04-tida vakna han og oppdaga at hans eige hus stod i brann. Her måtte det evakuerast i ein bråhast.

Gneistar

Avstanden mellom eldhuset nede i skråninga og bustadhuset, oppe på ein haug, var i overkant av 50 meter. Politiet ser likevel ikkje bort frå at gneistar frå brannen i eldhuset kan ha spruta opp til bustadhuset, lagt og ulma, for så å ta fyr etter to-tre timar. Eldhusbrannen skal ha vore fullstendig sløkt då brannvernet gav seg.

Familien Vethe/Slaatten har budd ei tid på Lemme. Tidlegare leigde dei eit staseleg hus på hovudbruket. Så kjøpte dei eit eldre bustadhus som dei heldt på å modernisera og utvida, men som no må byggjast opp att frå grunnen.

RUIN: Huset er fullstendig utbrent.
ARNE HOFSETH
SVIDDE KABELEN: Brannen i eldhuset, svidde av telefonkabelen som gikk over. Her skimter vi montørerene i arbeid med å reparere telefonlinjene.
ARNE HOFSETH