Han har vore i teneste på heiltid med evangeliet sidan 1977.

Finn-Arne er utsendt av DFEF (De Frie Evangeliske Forsamlinger), men har møter og kampanjar i alle evangeliske kyrkjesamfunn. Jesus Kristus er temaet i forkynninga. I tillegg har han skrive mange songar der dei fleste er gitt ut på 5 Cd-ar. Den mest kjente songen er kanskje ”Jesus har frelst min sjel” eller ”Nå er jeg på vei til himlens land” som den også blir kalla.

Han har også skrive ein del bøker om det nye livet i Kristus, og gitt mange hundre undervisningstalar frå bibelen på CD.

Det er halde kampanjar i fleire land i Aust-Europa, Skottland og England, samt Sør-Amerika og Asia. Han reiser rundt både som evangelist og bibellærer.

Vår påsketaler i år er Finn-Arne Lauvås, (født 1950)frelst og løyst av Jesus Kristus gjennom 17 mnd påBlå Kors institusjon etter fleire år med rusproblem.Gift med Gunn, dei har tre voksne sønner, og erbusett i Skudeneshavn på Karmøy.