Hendinga i Førde var også det som gjorde politiet sikre på at «lommemannen» hadde blitt aktiv igjen.

Laurdag 22. april var det to større idrettsarrangement og mange born og unge samla i og kring Førdehuset. I kiosken tok ein mann kontakt med ein 12 år gammal gut. Mannen ville ha guten til å hjelpe seg med å finne ein lapp, og bad 12-åringen leite bak Førdehuset. Då guten dukka opp der, stod mannen og venta. Han bad guten sjå i lomma hans. I lomma var det hol, og mannen gjekk utan truse.

Rykka ut straks

Etter det Bergens Tidende kjenner til, sa guten straks frå om kva han hadde vore ute for. Vaktene i Førdehuset kontakta politiet.

— Vi rykka ut straks. Det kan ikkje ha vore så mykje meir enn ti minutt etter at overgrepet hadde skjedd at vi var på plass med tre tenestemenn. Vi jobba intensivt i Førdehuset og området rundt, men greidde ikkje å finne mannen, opplyser politiførstebetjent Dag Øyen ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Det var etter hendinga i Førde at politiet kjende seg sikre på at «lommemannen» hadde blitt aktiv att.

— Vi melde frå om det som hadde skjedd oppover i systemet, seier Øyen.

Etter det BT forstår, avgjorde Kripos å leggje lok på at «lommemannen» hadde slått til igjen. Hendinga i Førde blei difor først kjend i helga, då Kripos offentleggjorde alle plassane der mannen har gjort overgrep.

Vel offentlege stader

Sjølv om det var mykje folk i Førdehuset denne laurdagen i april, var det ingen som hadde lagt spesielt merke til mannen eller kunne peike han ut.

— Han vel ofte offentlege stader, konstaterer Øyen. I Høyanger var det i symjehallen mannen tok kontakt med ein gut, i Skjolden var det i badeanlegget til Fjordstova.

— Sidan han då har kome seg unna med dette sidan 2000, har han hatt flaks eller er han veldig dyktig?

— Han meiner nok sikkert at det er større fare for å bli lagt merke til om han tek kontakt med ein gut som står åleine på eit gatehjørne, eller om han gjer det på ein stad der ein god del folk er samla.

Politiet i Sogn og Fjordane hadde i går ettermiddag fått inn to tips etter at det i helga blei offentleggjort ulike teikningar av «lommemannen».

— Dette er tips frå personar som meiner dei har sett denne personen. Ingen av observasjonane er knytte opp mot overgrepa som er gjort i Sogn og Fjordane.

NÆR «LOMMEMANNEN»: Her ved Førdehuset forgreip mannen seg på ein 12-åring i april. Politiet kom til stadenrett etter, men «lommemannen» greidde å kome seg unna i den store folkemengda. FOTO: TERJE ULVEDAL