EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

Begge vart varetektsfengsla i fire veker av Bergen forhørsrett bak lukka dører i går, dei to første vekene med brev— og besøkskontroll. 21-åringane er begge frå bergensområdet og tidlegare straffedømde. Dei er sikta for grovt ran, som blir straffa med opp til 12 års fengsel.

Begge mennene har vedgått at dei var inne hos ekteparet torsdag. Våpenet dei nytta var ein såkalla softgun, ein plastpistol som skyt plastkuler og som ikkje er tilltatt i sal her til lands.

Hjelp frå publikum Med pistolen høgt heva trengde dei seg inn i heimen til ekteparet i Fyllingsdalen, etter å ha ringt på døra midt på blanke dagen. Den 58 år gamle kvinna vart skubba i golvet, og våpenet vart brukt til å halde det skrekkslagne paret i ro.

— Saka er løyst, takka vere veldig god hjelp frå publikum og assistanse frå kollegaer ute i distriktet, seier politiførstebetjent Bjørn Eide ved Fyllingsdalen politistasjon. Dei to vart pågripne i to privathus med få timars mellomrom natt til laurdag.

Eide karakteriserer ranet som svært stygt, i og med at det vart brukt våpen til å trengje seg inn i ein privat heim.

Hadde fått tips Etter det Bergens Tidende kjenner til, skal dei to ha fått tips om at det skulle finnast ein større pengesum heime hos ekteparet. Ingen av ranarane skal ha kjent ekteparet frå før.

Dei to fann ingen pengar, ein boks med hjartemedisin var einaste utbyttet.

— Vi er sjølvsagt glade for at dei er tatt. Eg kan ikkje skjønne kvar dei hadde fått det frå at det skulle vere pengar her, seier den 64 år gamle ektemannen.

- Vart lokka med Både våpenet og ei finlandshette som vart brukt er beslaglagt. 21-åringen med hetta skal ha forklart at det var kameraten med pistolen som var den aktive i ranet, og at han sjølv meir eller mindre vart lokka med. Han nektar difor straffeskuld. Denne framstillinga skal ha vorte avvist av pistolmannen.

Fengslingsmøtet gjekk bak lukka dører, fordi politiet framleis har att etterforsking. Avgjerda om at begge skal fengslast i fire veker vart påkjært til lagmannsretten av dei to forsvararane, Øystein Lillevik og Kaj Wigum.