Dagleg leiar i verksemda, Rolf Jersin, seier til Bergens Tidende at han ikkje ynskjer å opplysa kor mykje pengar som vart stole. Det er ein gyllen regel i slike saker, han fått opplyst. Andre kan få tankar om å gjera noko liknande. Mannen sa berre eitt ord: "pengar". Ekspeditøren prøvde seg med å tilby vekslepengane, men dei var han ikkje interessert i. Han sa "pengar" ein gong til, og stakk av med papirpengane, konstaterer Jersin.

Ingrid Sleen skulle stenga for dagen, ved 20-tida sundag kveld. Ho hadde stengt hoveddøra mot gata, og stod med lykjelen i låsen for å stenga bakdøra då mannen trengde seg inn. Han truga med kniven, svær som ein samekniv, og nærast dytta Sleen mot bakrommet. Undervegs skar han av telefonledningen. Elles verka han svært nervøs. Sidan mannen berre ytra eitt ord, rett nok to gonger, kan ho ikkje seia noko om dialekta. Ho er avhøyrt av politiet og var attende på jobb i går, på dagtid, men kvir seg til kveldsarbeid.

Lensmann Kåre Rykke ser alvorleg på saka og set inn store ressursar for å få ei oppklaring

Væpna ran er ikkje daglegdags på Voss. Jersin har aldri vore ute for slikt, men fortel at ein kiosk i nabokvartalet vart rana av ein psykiatrisk pasient for ni år sidan. Det ranet vart raskt oppklara.