Politiet i Sogn og Fjordane jaktar no på dei to, som skal ha brukt minst eitt skytevåpen under ranet av Kiwi-butikken på Årdalstangen i Sogn.

Ranarane skal ha fått med seg ein ukjent sum pengar.

Ifølgje dei sparsame opplysningane frå politiet skjedde ranet ca. klokka 10.30.

— Ingen skal ha kome fysisk til skade, opplyser Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

— Kor mykje fekk ranarane med seg?

— Det vil eg ikkje kommentere, inntil vidare.

— Har de konkrete spor etter ranarane?

— Også det vil vi komme tilbake til, men vi har opplysningar om ein bil vi trur er interessant.

— Kva retning tok ranarane?

— Det har vi ikkje noko formeining om, seier Eggen.

— Vi vil gå ut med meir informasjon etterkvart.

bt.no følgjer saka vidare utover dagen.