Rundt midnatt fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om at to ungdommar hadde truga forbipasserande i Måløy med våpen.

Politiet væpna seg og rykka ut til området.

— Klokka 00.55 blei to menn på 19-20 år pågripne på Raudeberg, seier operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

Våpenet, som skal vere ein pistol, blei funnen og kverrsett.

Dei skal begge ha vore berusa. Førebels vil ikjke politiet seie om ungdommane blir sikta for ransforsøk.

— Då er vi inne på finjussen, seier Bell.

Pågripinga skjedde utan stor dramatikk, ifølgje politiet.

I løpet av dagen vil politiet vurdere å framstille dei to ungdommane for varetektsfengsling.

Vis større kart