Ved 08.30-tida i dag tidleg, vart ein 30 år gamal kjenning av politiet pågripe i en bustad på Stadlandet i Selje kommune.

— Utan dramatikk, seier operasjonsleiar Torfinn Søvik ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ved 02.00-tida skal mannen ha gått til åtak på ein av dei andre festdeltakarane på grendehuset. Han fekk seg eit djupt kutt over auga og ein kraftig blåveis. Samstundes skal 30-åringen ha truga ei jente med bank.

— Deretter forsvann han. Ei tid etterpå, kom det inn melding om at det var høyrt to skot i nærleiken. Med den kjennskapen vi har til denne mannen, valde vi å rykkje mannsterke ut, seier operasjonsleiar Søvik til bt.no.

Mannen sit no i arrest i Måløy. Han vert avhøyrd seinare i dag.

— Vi har førebels ikkje funne noko våpen, og kan ikkje slå fast at det faktisk er avfyrt skot, fortel Søvik.