Dette hevdar gravensaren Sven-Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag i eit lesarinnlegg.

Sidan det i Hardangerfjorden til ei kvar tid er mellom 22 og 26 millionar opp-drettslags, nøler han ikkje med å karakterisera fjorden som «Eit vanvittig aggregat for luseproduksjon!!».

Han ser på norsk lakseoppdrett som eit storskala forsøk der ingen kjenner dei miljømessige, økologiske eller økonomiske fylgjene. Igjen er sjøauren i Hardanger full av lakselus, smitta av oppdrettsnæringa.

LES INNLEGGET HANS HER

Kurt’en til krig

Miljøkrigar Kurt Oddakalv varslar storkrig mot oppdrettsnæringa. Han reagerer negativt på samarbeidet som næringa har innleia med Voss Klekkeri om sleping av smolt frå Evangervatnet til Fedje for å få storlaksen attende til Bolstadelva og Vosso i Vossavassdraget.

Næringa betalar sju av dei ti millionane som femårsprosjektet kostar.

– Her tek oppdrettsnæringa seg ein paracet, men det trengst ein operasjon, for ikkje å seia ein amputasjon, seier Oddekalv.

Han vil ha fjerna alle oppdrettsanlegg langs vandringsvegen for Vossolaksen og andre verdfulle laksestammer.

SLÅR ALARM:Hardangerfjorden er et aggregat for luseproduksjon, sier Sven-Helge Pedersen, leder i Hardangerfjord Villfisklag(til høyre).
Bergens Tidende