Arrestasjonen skjedde på Ambassador Hotel midt på dagen, og begge vart transportert til politistasjonen.

Den norske kvinna er religionsforskaren Kristin Joachimsen som arbeider ved Universitetet i Tromsø. Ho har hatt fleire forskingsopphald i Jerusalem gjennom dei siste åra.

Satt fri etter avhøyr

Ho opplyser til Bergens Tidende at ho vart halden på politistasjonen i ein times tid der ho også vart avhøyrd før ho vart sett fri..

— Eg drog så tilbake til hotellet og venta på Vanunu. Han kom ikkje tilbake, men det gjorde derimot politiet. Eg fekk overlevert ein note der eg vart pålagd å møte i retten i dag, tysdag, fortel Joachimsen.

— Eg spurde etter Vanunu men fekk til svar at han vart halden i arresten natta over og at han ville bli framstilt i retten i dag.

Joachimsen opplyser at ho har varsla den norske ambassaden i Tel Aviv der ho er blitt godt motteken.

Nytt avhøyr i dag

— I føremiddag møtte eg til nytt avhøyr hjå politiet. Det var i grunnen ein repetisjon frå avhøyret i går. Eg vart samstundes beden om å møte som vite i retten i ettermiddag. Eg har hatt ny kontakt med den norske ambassaden og bede dei vere til stades i retten. Men eg fekk beskjed om at dei ikkje hadde kapasitet.

— Eg har også hatt kontakt med Vanunu sine advokatar som vil møte i retten. Dei meiner Vanunu vil bli lauslaten i løpet av dagen dersom eg møter som vitne. Men dei trur han blir underlagd husarrest utan at eg heilt veit kva dei meiner med det, seier Joachimsen før ho går i retten.

Ved den norske ambassaden får BT opplyst at ambassaden har orientert Utanriksdepartementet heri heime om utviklinga.