— Ei anerkjenning at me har skap noko som kan få stor betydning innan skrivestøtte, seier oppfinnaren.

Sverre Andreas Holbye i firmaet Include AS i Bergen fekk i dag tittelen årets oppfinnar i Hordaland for produktet TextPilot.

Produktet er eit skrivestøtteprogram som letter lese- og skrivearbeidet.

- Stort potensiale

  • Lese- og skrivevanskar er eit stort problem, både nasjonalt og internasjonalt. Problematikken er tilstades i skuleverket, arbeidslivet og fritida. Det vil berre verte meir og mer relevant ettersom kunnskapsamfunnet utviklar seg. Eit godt produkt innafor dette segmentet vil derfor kunne få svært mange brukarar, og ha stort potensiale til lønnsemd, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg som delte ut prisen.

Hordalan Fylkeskommunes oppfinnarpris vart utdelt på årets siste fylkesting tirsdag.

TextPilot kom på marknaden i 2008 og brukes i dag både i NAV, grunnskolen, hos hjelpemiddelsentralane og på høgskular og universitet.

Samlar mange verkty Det fins ei rad ulike produkt for støtte i lese- og skrivearbeidet. TextPilot har forbetra og samla verktya i eitt program, gitt dei ei sterk pedagogisk forankring og gjort det meir brukarvennleg, skriv fylkeskommunen om vinnarproduktet.

Fylkeskommunens valg av vinnar begrunnas vidare i at produktet skiller seg ut som det einaste produktet som er tilpassa brukaren slik at ein raskt kan lære av eigne feil.

— Produktet kan ha langsiktige samfunnsnyttige effektar og eit stort marknadspotensiale, står det i begrunnelsen.

Prisen er på 75.000 kroner.

Kjønnsmodning av torsk

Heiderleg omtale gjekk til Kjell Lyder Risnes frå Sagvåg i Stord. Han har utvikla tiltak for å utsetje kjønnsmodning innan torskeoppdrett.

Lystilførsel er ein metode for dette.

Risnes har utvikla ein flåte kalla Ecosky Lightraft (Lysflåten), som inneheld kraftige lyskastarar som lyser nedover. Ved hjelp av assymmetriske reflektorar skal lyset dekkje heile merden.