HILDE KRISTIN STRAND

— Det var tydeleg at det har vore klare brot på dyrevernlova over lang tid, seier Berit Jacobsen, leiar i dyrevernnemnda i Bergen.

Tysdag og onsdag vart i alt åtte hestar frå ein gard i Os kommune teken hand om av dyrevernnemnda. BT var på staden onsdag morgon. Det var skite i stallen. Bos, gamle matrestar og avføring låg på golvet. Også utanfor stallen var det skite og rotete. Dei fem hestane som vart henta då var skitne og ustelte men såg elles ut til å vera i god stand. Ifølgje Per-Arne Ludvigsen, veterinær i Mattilsynet, var fleire av hoppene drektige.

— Eigaren var ikkje villeg til å følgja råda våre, og ignorerte pålegg om utbetring. Difor måtte me setja i verk naudsynte tiltak, seier Jacobsen. Ho var sjølv på garden tysdag.

Skulle rydda og utbetra

Ludvigsen fortel at det kom melding om at det sto dårleg til på garden i fjor haust. Før jul var dyrevernnemda i kontakt med mannen for første gong. Då fekk han rettleiing om kva som burde gjerast med stalltilhøva. Råda vart ikkje følgde. Deretter fatta nemnda vedtak om kva som måtte gjerast på garden. Tilhøva i stallen måtte betrast, og sidan hestane går ute store delar av dagen skulle dei ha tak å søkja ly under. I tillegg skulle det ryddast på garden i det området hestane ferdast. Mannen fekk ein frist på å fullføra dette. Då dyrevernnemnda kom på besøk tysdag såg dei at ingenting var gjort.

— Då måtte dei gjera det dei såg som naudsynt. Hestane er no tekne med til andre stallar i distriktet, seier Ludvigsen.

Under flyttinga av hestane var politiet tilstades.

— Me skal sjå til at gjennomføringa går greitt føre seg, og skal sikra tryggleiken til dei involverte, fortel politibetjent Fimreite frå Os lensmannskontor.

Kan verta meld til politiet

Berit Jacobsen stadfestar at hesteeigaren kan verta meld til politiet. Brot på dyrevernlova kan straffast med fengsel eller bøter. Ein kan òg verta frådømd retten til å ha dyr. I følgje veterinær Ludvigsen skjer dette i Noreg kvart år.

Jacobsen seier òg at det ikkje er aktuelt å setja hestane attende i stallen slik det ser ut der no.

— Kva som skjer med hestane er usikkert. Me må verta kvitt dei, og sal eller avliving er alternativa. Avliving er neppe aktuelt i dette tilfellet.

Travtrenar Ove Wassberg seier til BT at det er fine hestar med gode stamtavler. Sidan han har bil med plass til fleire hestar var han spurt om å vera med og henta hestane onsdag.

Mannen som no er fråteken hestane sine har vore i kontakt med dyrevernnemnda tidlegare. Ein gong på 1990-talet dreia det seg om storfe, og mannen fekk forbod mot å ha dyr i ein gamal bygning på garden. Ein hest vart funne i denne bygningen no. Sist haust fekk mannen ein dags frist på å fjerna grisar som hadde dårlege butilhøve. Dette vart då gjort.

Det har ikkje lukkast BT å koma i kontakt med hesteeiagaren.