Klokka 18 i kveld var det kolonnekøyring over Vikafjellet, medan vegen over Hardangervidda er stengt.

Vegen mellom Tyin og Årdal er stengt på grunn av fare for ras. Den blir ikkje opna igjen i dag.

Dårleg sikt og smal vegbane gjorde at fjellovergangen mellom Aurland og Hol var stengt fram til klokka halv tolv søndag føremiddag. Trafikken gjekk deretter i kolonnekøyring dei neste tre timane.

Lene Christin Kjørlaug er ein av dei som vart ståande i kø over fjellet. Ho og reisefølgjet var på veg tilbake til Bergen etter ein skiweekend på Geilo, då dei vart ståande fast i den første tunnelen.

— Vi vart ståande fast inne i tunnelen i ti minutt, før det gjekk i kolonnekøyring ned til Aurland, fortel ho på telefon.

Føre seg og bak seg hadde ho mellom tjue og tretti andre bilar. Sidan vegen over Hardangervidda har vore stengt sidan fredag ettermiddag, var det mange som hadde valt å leggje reiseruta lenger nord.

— Det gjekk veldig seint, med snøfokk og dårleg sikt. No er vi berre glad for at vi er over, seier Kjørlaug.

Alt ope

Trass i redusert sikt på fleire fjellovergangar i Sogn og Fjordane, er alle vegar no opne for fri ferdsel, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen. Han fryktar likevel at det kan kome stengingar fram mot kvelden.

— Det er meldt dårlegare ver, men det er usikkert korleis situasjonen blir utover dagen, seier Molvær.

I tre timar var det kolonnekøyring på fjellovergangen mellom Aurland og Hol. MMS-FOTO: Lene Christin Kjørlaug