For like sidan trekninga laurdag kveld har Norsk Tipping forsøkt å få tak i kvinna. Men ho har ikkje vore å nå, korkje på heimetelefon eller mobil.

— Vi veit kven vinnaren er, så det er ikkje noko problem. Kvinna skal få pengane sine. Men vi tek kontakt med alle som vinn meir enn 1,5 millionar kroner, mellom anna for å tilby dei råd om kva dei skal gjere meg pengane. Så vi kjem til å halde fram med å prøve og få tak i henne, seier informasjonsansvarleg Tore Tangen i Norsk Tipping.

Vinnarkupongen, eit einvekes lynspel, vart kjøpt hos Pyramiden Mat i Gaupne i Luster ved middagstider laurdag 11. mai.

Bortsett frå å stadfeste at vinnaren er ei kvinne busett i Sogn, ønskjer ikkje Norsk Tipping å gå ut med ytterlegare opplysningar om den nye lotto-millionæren.

Kvinna delte siste helgs vinnarpott på kring ti millionar kroner med ei mann frå Aust-Agder og ei kvinne frå Akershus.