For like sidan trekninga laurdag kveld har Norsk Tipping forsøkt å få tak i kvinna. Men ho har ikkje vore å nå.

— Vi veit kven vinnaren er, så det er ikkje noko problem. Kvinna skal få pengane sine. Men vi tek kontakt med alle som vinn meir enn 1,5 millionar kroner, mellom anna for å tilby dei råd om kva dei skal gjere meg pengane, seier Tore Tangen i Norsk Tipping.

Vinnarkupongen, eit ein-vekes lynspel, vart kjøpt hos Pyramiden Mat i Gaupne i Luster ved middagstider laurdag 11.mai. Bortsett frå å stadfeste at vinnaren er ei kvinne busett i Sogn, ønskjer ikkje Norsk Tipping å gå ut med ytterlegare opplysningar.

Kvinna delte vinnarpotten på kring ti millionar kroner med ein mann frå Aust-Agder og ei kvinne frå Akershus.