Medan store delar av landet var råka av uvêr og storm, køyrde dei vannscooter på Hjellestad i går. For femte året på rad arrangerte Hjellestad Jet Ski klubb det såkalla Nisseracet. Frå å vere ei lokal tevling har arrangementet vakse seg årviss og stort. I går var det trettifem deltakarar frå heile landet som fresa rundt i det iskalde vatnet.

— Det er jo heilt sinnssjukt, sa ein forhutra tilskodar då køyredoningane rusa forbi Hjellestad kai.

Naglebit

Desember er ikkje akkurat høgsesong for å køyre vannscooter. Nisseracet er såleis eineståande i sitt slag i heile Europa. Det går til og med gjetord om tevlinga heile vegen til USA, der vannscooter-folk ristar på hovuda når dei får høyre om dette.

— Det er jo friskt, seier Jørn I. Liseth, Hjellestad Jet Ski Klubb sitt store håp. Liseth vann Nisseracet i fjor, men måtte sjå seg slått av VM-deltakar Ronny Mangerud under årets race.

— Eg fekk naglebit med ein gong eg byrja å køyre første heat. Då var det berre å fylle vatn i hanskane og støvlane, så blei eg kvitt det. Og dersom ein har hatt naglebit ein gong, kjem det som regel ikkje igjen, sa han.

SNITTFART PÅ 35-40 KNOP: - Det ser ikkje veldig gøy ut. Ikkje litt eingong, sa ein tilskodar då vannscooterane susa forbi Hjellestad kai i vinterkulden i går. <br/>Foto: VEGAR VALDE