Vann kvar sin omgang

Gjøvik var klart best i 1. omgang, medan Voss overtok i andre. Botnoppgjerdet i 1. divisjon for kvinner enda uavgjort 1-1.

Dermed held dei to laga framleis på dei to nedste plassane på tabellen. Snart er einaste trøysta at nedrykk i år likevel kan unngåast fordi talet på lag i 1.divisjon skal utvidast. Laga på dei to siste plassane kan berga plassen i kvalifiseringskampar mot framstormande lag i 2.divisjon.

Heimelaget kan vera glad for at det ikkje vart meir enn eitt baklengs før pause. Gjøvik hadde mange feite sjansar før ei glad Lene Gladheim fekk nettkjenning heilt på tampen av omgangangen.

Eit friskare vossalag tok initiativet etter pause. Utlikningsmålet vart sett inn av Tonje Hauge etter godt forarbeid av fleire medspelarar. Ei heading like over mål frå Mari Sævig var næraste Voss kom sigeren. Først mot slutten av omgangen kom Gjøvik med i kampen att.

Les også

Siste fra Lokalt

Planla flukt med småfly til Serbia

På Youtube hadde han lært å fly småfly. Med det kunne han komme seg til Serbia. Slik planla Anders Behring Breivik flukten.

Krever 90 millioner for omstridt hus

Etter å ha leid ut ulovlig i flere år, kan Thomas Jellestad Jensen tjene flere titalls millioner kroner på eiendommen.

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Relaterte bilder

UTLIKNING: Tonje Merete Dagsvik (raud nr. 10) har ofra seg i duellen, målvakten og resten av Gjøvikforsvaret er utspelt, Tonje Hauge kan senda ballen i mål og sikra Voss eitt poeng. FOTO: Arne Hofseth

GLEDE: Glade Gjøvikspelarar feirar at Lene Gladheim tok leiinga 1-0 før pause. FOTO: Arne Hofseth

NÆR SIGER: Denne headinga frå Mari Sævig (nest lengst til høgre) var det næraste Voss kom to vitale poeng til i botnstriden. FOTO: Arne Hofseth

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger