Dermed held dei to laga framleis på dei to nedste plassane på tabellen. Snart er einaste trøysta at nedrykk i år likevel kan unngåast fordi talet på lag i 1.divisjon skal utvidast. Laga på dei to siste plassane kan berga plassen i kvalifiseringskampar mot framstormande lag i 2.divisjon.

Heimelaget kan vera glad for at det ikkje vart meir enn eitt baklengs før pause. Gjøvik hadde mange feite sjansar før ei glad Lene Gladheim fekk nettkjenning heilt på tampen av omgangangen.

Eit friskare vossalag tok initiativet etter pause. Utlikningsmålet vart sett inn av Tonje Hauge etter godt forarbeid av fleire medspelarar. Ei heading like over mål frå Mari Sævig var næraste Voss kom sigeren. Først mot slutten av omgangen kom Gjøvik med i kampen att.

UTLIKNING: Tonje Merete Dagsvik (raud nr. 10) har ofra seg i duellen, målvakten og resten av Gjøvikforsvaret er utspelt, Tonje Hauge kan senda ballen i mål og sikra Voss eitt poeng.
Arne Hofseth
GLEDE: Glade Gjøvikspelarar feirar at Lene Gladheim tok leiinga 1-0 før pause.
Arne Hofseth
NÆR SIGER: Denne headinga frå Mari Sævig (nest lengst til høgre) var det næraste Voss kom to vitale poeng til i botnstriden.
Arne Hofseth