Folkemusea i Sogn og Fjordane får hand om skinnet av bjørnen som blei skoten på Jostedalsbreen i sommar.

Det er Direktoratet for Naturforvaltning som har avgjort at folkemusea i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord og Kystmuseet i Florø skal dele på skinnet.

Styrar Gunnhild Systad ved Sunnfjord Museum i Førde seier til NRK Sogn og Fjordane at ho er glad for at direktoratet ikkje plasserte skinnet som eit trekkplaster i ein hall:

— Vi skal bruke skinnet i eit historisk perspektiv, ikkje minst i eit sam-tidsperspektiv: Korleis ser vi på rovdyr, korleis behandlar vi dei og kva problemstillingar har vi rundt dei.

Skei Hotell og Sogndal kommune var mellom dei som også søkte om å få skinnet av rovdyret.

Bergens Tidende