I grenda Tysseland står eit lite kvitt trehus. Graset veks godt på markene rundt, på småbruket Magnar og Bjørg Tysseland overtok i 1994.

I fjøset er det stille. Sauene er vekke, køyrd til slakteriet saman med tre ammekyr. Sommaren 2002 gav familien Tysseland opp draumen om å drive småbruket. Alt på grunn av den vesle kvite «kårbua».

— Aldri sett noko liknande

Saka handlar om ein kar som i 2000 bygde eit lite hus med alle kommunale papir i orden. Når det stod ferdig kravde kommunen at han reiv det ned.

Kommunen snudde fordi fylkesmann og departement var samde om at kommunen hadde gjort saksbehandlingsfeil.

I mars i år møttest kommunen og Tysseland i Midhordland Tingrett. Då hadde han i mange år hatt trugsmålet om riving over seg. I tillegg hadde kommunen pålagt han dagbøter, som når rettssaka opna var kome opp i 400.000 kroner. Kommunen tapte. Tysselands advokat Helge Tofte, som har lang røynsle med slike saker, meiner saka er oppsiktsvekkjande.

— Eg har aldri vore bort i noko liknande. Det burde ringe nokre bjøller når du får byggjeløyve, det offentlege vedgår at dei har gjort feil, men likevel må du rive huset, seier han.

Ordførar Marit A. Aase (KrF) ønskjer ikkje å kommentere saka, ut over at kommunen har bestemt seg for ikkje å anke.

- Eg skulle aldri gjort det

Familien Tysseland bygde «kårbua» for å bruke ho i drifta av bruket. Til vanleg bur dei ein ti minutts biltur ifrå, på Bjørkheim. Bjørg skulle drive garden, som skulle gje eit halvt årsverk.

Og så skulle dei leige ut «kårbua» nokre veker kvart år. Etter råd frå ein landbruksbyråkrat søkte dei og fekk 150.000 kroner i Bygdeutviklingsmidlar til «kårbua».

— Eg skulle aldri gjort det, men eg trudde det var heilt uskuldig, seier Magnar Tysseland. Men ifølgje Tysseland var det då bråket byrja. Naboane protesterte mot «kårbua» fordi det såg ut som om huset skulle brukast som rein utleigehytte.

I så fall hadde han fått byggeløyve på falske premiss: «Kårbua» var godkjent som gardshus, ikkje som fritidshus.

Siger med bismak

Fylkesmannen avslo kravet frå naboane om byggestopp, og i mars 2000 stod «kårbua» ferdig med alle papir i orden.

Etter nye klager kom fylkesmannen likevel til at «kårbua» var fritidshus. Byggjeløyvet måtte opphevast, og behandlast på nytt. Tysseland klaga til departementet, men utan å vinne fram. Dermed vart det rettssak, som Tysseland altså vann.

Men sigeren har bismak. Tysseland er usikker på om dei vil starte opp att drifta. Dei føler dei framleis ikkje blir trudd på at dei hadde gode og ærlege mål med satsinga på garden. Bygdesnakket går sin gang, om Tysselands vesle «kårbu».

No veit ikkje ekteparet Tysseland kva dei skal gjere. Om dei vil starte opp att på nytt med dyr? - Kanskje. Vi får sjå. Vi har brukt seks år på å byggje det opp dit det var. Det skal litt til for å starte opp att no, seier Tysseland.