— Eg trudde nokon tulla med oss; at det var eit forsøk på å vere morosam. Det er ganske utruleg at det går an, seier Tveit. Ho feira bud-sigeren med ei helg i Sogndal då ho fekk telefon om at det nyerverva husværet i Bergen var ramma av brann.

— Eg og kjærasten hadde jakta på leilegheit lenge og vel, og var godt nøgde då vi fekk tilslaget på fredag. Avtalen var i boks, kontrakt skulle signerast i veka som kjem, seier Tveit.

Det blir det neppe noko av. Sjølv om husrommet dei to skulle kjøpe i Sverres gate 8 ligg i første etasje, er det både vass- og røykskader som må utbetrast før det går an å bu der.

— Eg veit ikkje kva som skjer. Men vi håpar at det ordnar seg. Planen var å flytte inn i mai. Nå får vi sjå, seier Tveit.

Nils-Arne Lie hos huseigaren Partnernett AS seier at husa var fullt ut forsikra.

— Eg trur skadane lar seg utbetre, og håpar arbeidet ikkje blir alt for omfattande, seier Lie.