Stipenda vart på tradisjonsrikt vis utdelt under 17.-maihøgtida på Idrottsplassen. Dei to andre stipenda gjekk til Vilde Katrine Vethe (alpint) og Laila Himle (U16-landslaget i fotball).

Voss Cup-gründer heidra

Minnefondet sin heiderspris gjekk til Sigfred Sivertsen, ein av grunnleggarane av Voss Cup, og framleis sekretariatsleiar for den store fotballturneringa.

Edvard B. Hegboms Minnefond er oppretta til minne om målvakta i Fotballklubben Voss som døydde brått under trening i ein squashhall. Til liks med faren sin, er Karoline blitt dyktig i squash, og skal snart til ein skule i USA der denne idretten står høgt.

Medaljetørke

Ingen frå Voss tok medalje i VM i vinter, og Higlandstroféet for beste skibragd vart ikkje utdelt i år. Kommunen risikerer kritikk for å vera blasert og ha lagt lista for høgt. Sjur Røthe sin fjerdeplass i junior-VM i langrenn ville ha halde i massevis tidlegare i soga, og i andre bygder.

TALENT: Karoline Hegbom fekk stipend av minnefondet etter bestefaren sin.