— Kva skal eg seia? Det er heilt uverkeleg. Det har knapt gått opp for meg. 5,2 millionar er utruleg mykje pengar, seier den glade vinnaren Arnfinn Saue (38).

Ikkje nok med at Saue prikka inn dei seks tala. Fordi han spela system kunne han plussa på med nesten 240 000 kroner til premien på 5.031.478 kroner.

Kona trudde ikkje på han då han fortalde om fulltreffaren.

— Først då Norsk Tipping var på tråden våga ho å tru på det, smiler 38-åringen.

Beina på bakken

Saue fortel at han sov dårleg natt til torsdag.

— Men om morgonen stilte eg på jobb som vanleg. Og det har eg tenkt til å halda fram med. Eg er ei sindig sjel frå Kårevik, og har beina godt planta på bakken, understrekar han.

Kupongen vart levert inn onsdag føremiddag, i Saue sin eigen Narvesen-butikk i Leirvik sentrum.

— Eg er veldig glad i å tippa, men spelar ikkje Viking Lotto kvar veke. Eg er mest glad i trav. Der har eg henta heim tre vinstar på 100.000 kroner kvar. Den siste kom like før jul, den 4. desember. Så eg har hatt ein god månad, kan du seia.

Ventar med feiringa

38-åringen har ikkje tenkt så masse på kva for ein luksus han har tenkt å unna seg no. Men èin ting er sikkert: Nytt hus står høgt oppe på prioriteringslista.

— Me bur i eit gamalt hus og har lenge gått med planar om å byggja nytt. No får me realisert drøymehuset fortare enn me hadde trudd - og det utan lån.

BT møter trebarnspappaen i butikken hans like før arbeidsslutt fredag ettermiddag.

— I kveld vert det vel feiring?

— Nja, eg trur ikkje det.

— Ikkje ei flaske raudvin, eingong?

— Niks, det får venta. Laurdag morgon skal eg på jobb, så det vert ikkje så mykje rom for utskeiingar, seier den nybakte millionæren.

Onsdag var det dobbel Jackpot i Viking Lotto. Heile 15 millionar kroner låg til fordeling til dei med seks rette. Tre spelarar klarte kunststykket, alle frå Noreg.