Fylkesordføraren framheva det blågule samarbeidet i fylkeskommunen (KrF, H, Frp) som ein suksessfaktor. Med prosjektet for økonomisk handlefridom, med konkurranseutsetting, er tenestetilbodet utvikla og betra.

Den blågule fylkespolitikken er tufta på gode rammevilkår for næringslivet frå siste Bondevik-regjeringa. Men ho vektla også raudgrøn drahjelp med satsing på kommuneøkonomien i "Soria Moria-regjeringa".

— Denne blandinga har vist seg god, sa Torill Selsvold Nyborg.

Ho er mindre imponert over raudgrøn handlekraft med industrikraftregimet, som fører arbeidsplassar frå Bjølvefossen i Ålvik til Island. Denne saka blir det interpellasjonsdebatt om i fylkestinget onsdag.