— Kommuneval er personval. Det er ikkje så viktig kva parti ein høyrer til, det handlar meir om folk ein kjenner, meiner Lennart Fjell.

Dermed sette han igang valkampanjen «Jakob inn i kommunestyret» på Facebook, for kameraten Jakob Nielsen i Senterpartiet i Fjell. Kampanjen får godt selskap av eit utal variantar av meir eller mindre seriøse kampanjar som «Lene inn på fylkestinget», «Sprit opp Eivind på fylkestinget!». Valkampen er for lengst i gang på bloggar og nettsider.

— Kampanjen er alvorleg meint, sjølv om forumet er noko uhøgtideleg. Det er enkelt og gratis måte å lage kampanje på for folk utan midlar, seier Lennart Fjell.

Usensurert

Utover sommaren vert det blogg for alle partia på bt.no. På same nettstad kan alle politikarar som stiller til fylkestingsval, leggje inn korte opplysningar om seg sjølv i ein eigen val-wikipedia.

— Medvitet om nettet er stort i år i alle dei politiske partia. Vi er også på Facebook med eiga gruppe, seier Filip Rygg, førstekandidaten til Kristeleg Folkeparti i Bergen.

For KrF sin del har partiet tinga domene til bruk for ulike saker og kandidatar i valkampen. Nokre kandidatar får eigne nettsider og det vert eigne nettsider for dei ulike bydelane.

Rygg er ein av politikarane med utstrekt nettbruk. På sin eigen blogg svarar han fjern og nær, liten og stor, på spørsmål. Her slepp politikaren til usensurert, og rett frå hjarta.

Krev innsats

— Det er ikkje sikkert folk vert meir informerte sjølv om det er meir informasjon tilgjengeleg, seier Dag Arne Christensen, forskar ved Rokkansenteret i Bergen.

Han viser til studium frå Danmark der ein konkluderer med at det stort sett er dei som er politisk aktive frå før som også er aktive i politiske fora på nett.

— På nettet er utfordringa for politikarane å få med grupper som på førehand ikkje er engasjert i politikk. Eg trur dei fleste valkampane på nett vert personlege valkampar for ein utvida bekjentskapskrets, seier Christensen.

Det er heller ikkje så stor aktivitet på nettbaserte debattforum og bloggar, etter forskarens meining.

— Heile systemet er bygd på passivitet, skulle alle dei som er med i ulike grupper svare og vere aktive, ville nettet bryte saman. Det ville heller ikkje vere mogleg for personen i kampanjen å følge opp.

Og nettet forpliktar. Dersom ein politikar held seg med blogg, er det også forventa at bloggen vert oppdatert og at publikum får svar.

— Får ein ikkje svar frå politikaren kan det slå motsett veg. Kampanjen verkar mot føremålet. Politikarane må ha god tid.

Nettopp det er Filip Rygg budd på.

— Nettet tar tid, eg bruker seine kveldar og tidlege morgontimar til å få det unna. Og no når valkampen tar til for alvor, vert det enno meir tid. Heldigvis har eg ei overberande kone som vil eg skal vinne valkampen. Då vert det laptop på senga, flirer Filip Rygg.

Rune Nilsen