VIDAR YSTAD

Då boka om henne vart presentert i går, vedgjekk ho at ho er redd boka kan influere på nominasjonen i Akershus. KrF skal ha nominasjonsmøte 2. desember.

— Eg hadde ynskt at boka kom ut først etter at nominasjonen i Akershus var over og situasjonen var avklara. Eg har slåst litt med forlaget, Det Norske Samlaget. Men eg forstår også at det har noko med sal å gjere og at det difor er viktig at boka kjem ut nå, forklarte Svarstad Haugland.

Kan bli vraka

Ho er open for at boka kan bli brukt mot henne i innspurten fram mot nominasjonen. Samstundes slår ho fast at både ho og andre må finne seg i å bli vurdert og eventuelt vraka av nominasjonsmøtet. Ein må heller vere glad for dei utfordringane partiet har gjeve ein, framfor å fokusere på det negative ved eventuelt å bli vraka, seier ho nå.

Og ho legg til at ho er innstilt på å ta nederlaget om ho nå sjølv skulle bli vraka.

I går fortalde ho også at ho fleire gongar har «angra litt» på at ho sa ja til å stille til ein ny stortingsperiode, etter at ho såg kva problem det skapte for fleire.

Ho siktar til nominasjonsproblema for Dagfinn Høybråten og det forholdet at Einar Steensnæs, som ho set veldig høgt, valde å kaste korta i Rogaland.

Sterke oppmodingar

Til Bergens Tidende seier ho at både Kjell Magne Bondevik og Dagfinn Høybråten har oppmoda henne til å stå på for nominasjonen i Akershus. Det, saman med sterke oppmodingar frå mange andre i Akershus, har overtydd henne om at det er rett å stå løpet ut. Så får nominasjonsmøtet avgjere.

Redaktør Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende, som har forfatta boka om Valgerd, trur at både motstandarane og tilhengarane av Valgerd i partiet kan finne og hente ammunisjon i boka. Sjølv seier Valgerd at ho er usamd med Kobbeltveit i fleire av dei vurderingane han kjem med i boka.

Ytterst problematisk

Pressekonferansen i går underbygger oppfatninga om at det er ytterst problematisk for ein sitjande statsråd å få publisert ein biografi om seg sjølv. Ho står midt oppe i ein haug av kontroversielle saker. Difor var det mange spørsmål ho ikkje ynskte å svare på då boka vart lansert i går.

Det gjeld ikkje minst Medhaug-saka, der ho vil bli innstemna som vitne.

Samstundes er ho overraskande open og lite «taktisk» om mange tema og svar. Ho grunngjev dette med at ho elles ikkje ville vere ærleg.

Ho er kritisk til mange av dei kritiske pressekommentarane ho har fått. Men ho seier samstundes at ho respekterer pressa sin rett til nettopp å vere kritisk. Ho legg til at ho kanskje er meir nærtakande og vâr for denne kritikken enn mange andre - og at ho kanskje les kommentarane litt for grundig.

«Mordkommisjonen»

Ho er kritisk til at «havarikommisjonen» i KrF, eller «mordkommisjonen» som han blir kalla heime hjå Valgerd, etter hennar syn så einsidig har fokusert på det negative etter den dårlege valresultatet i fjor.

— Det eg gjekk igjennom sist haust, ynskjer eg ikkje mine verste fiendar. Nå har eg lagt det bak meg, fastslo Valgerd.

Ho meiner også at stortingsgruppa i partiet har vore «feig» når representantane har opptrådt anonymt overfor havarikommisjonen, og ikkje stått fram, kvar og ein med kva dei meiner.

Ho avviser at dette er eit «sviande oppgjer» med stortingsgruppa.

— Dersom de hadde visst korleis eg tek «sviande oppgjer», hadde de forstått at dette ikkje er noko sviande oppgjer, kunngjorde Valgerd i går.

I tida omkring det ekstraordinære landsmøtet i Bergen i januar i år, uttala ho at hadde ho fått den støtta ho opplevde etter at ho kunngjorde avgangen sin, tidlegare, ville ho ha halde fram. Men i dag meiner ho ikkje dette. I dag seier ho at ho kjenner seg glad og letta over at ho er fri ansvaret som partileiar.

«Største suksessen»

Kobbeltveit meiner at Valgerd etter alle målestokkar, er den største suksessen som partileiar Krf har hatt, langt framom Bondevik. Men henne som partileiar førde ho KrF ut til nye veljargrupper som Bondevik ikkje makta. Det kom til syne ved at partiet våren 1999 oppnådde 25 prosents oppslutnad på meiningsmålingane for TV2, og 18 prosent i snitt for alle målingane.