Han må sone tre og eit halvt år for valdtekt mot ei 15 år gammal jente som sat barnevakt. Mannen må også betale henne 75.000 kroner i erstatning.

Tiltalte sjølv anka dommen frå heradsretten, men han valde å vedta på staden då lagmannsretten forkynte si avgjerd.

Mannen nekta først for at han hadde samleie med jenta, som han visste var under lågalderen. Sidan har politiet og retten fått servert ulike versjonar av det som skjedde, frå at ingenting skjedde i det heile til at jenta laug på alderen og nærast tvinga han til å ha sex.

Men domstolane har aldri festa lit til forklaringane. Tiltalte har allereie sona eitt år i varetekt.