EYSTEIN RØSSUM

— Lagmannsretten har kome fram til at det ikkje er skjellig grunn til å mistenke dei for valdtekt, seier advokat Per Magne Kristiansen, som forsvarer den eine av dei to.

Mennene, ein 40 år gammal bedriftsleiar og ein eigedomsmeklar, vart fengsla laurdag, etter at dei to jentene meldte dei for gruppevaldtekt. Dei to bergenserane nektar straffeskuld, og hevdar at sexen var frivillig.

Bergen tingrett gjekk ikkje med på å fengsle dei i ei veke, slik politiet bad om. Nå har lagmannsretten kome til same konklusjon.