Begge mennene, som er i slutten av 20-åra, nektar skuld. Men i følgje politiadvokat Terje Gjertsen skal den eine av dei to mennene ha gitt ei forklaring som rettar søkjelyset mot den andre. Politiet meiner mannen har forklart seg slik at det langt på veg samsvarar med deira oppfatning av det som har skjedd.

Siktinga mot dei to mennene er ulik. Politiet meiner den eine av dei to har utført sjølve valdtekta, og han er sikta for dette. Den andre er sikta for valdtekt, eller medverknad til denne. Etter det bt.no kjenner til er det mannen som er sikta for medverknad, som har forklart seg i tråd med det politiet meiner har skjedd.

– Vi meiner det har skjedd ei fullbyrda valdtekt, seier Gjertsen.

Kvinna har meldt dei to for å ha forgripe seg på ho i husværet til den eine av dei to mennene. Bevismateriale som er samla inn i husværet, blir no sendt til analyse.

Fjordane tingrett har også avgjort at dei to skal ha brev— og besøkskontroll.