Dermed skal han straks inn til soning, to år etter at Sunnhordland heradsrett dømte han første gong.

Mannen valdtok jenter ned i 13-årsalderen som han hadde forhold til. Overgrepa skjedde gjennom tretten år heilt tilbake til 1984.

36-åringen slepp sikring som Gulating lagmannsrett idømte han i fjor. Aktoratet fråfall det kravet før høgsretettshandsaminga sist veke av di sikringsordninga blei avskaffa ved årsskiftet.

Gulating lagmannsrett omtalte handlingane 36-åringen blei dømt for som brutale, og dømte han til å betale nær 200.000 kroner i oppreisning og erstatningar.

Retten teikna eit bilete av ein omsynslaus overgripar som søkte selskap med unge, forsvarslause jenter. I 1984 plukka han opp ei 13 år gammal jente som var på veg til venninna si. Mannen køyrte til ein aude skogsbilveg og valdtok henne.

I 1997 truga han ei 22 år gammal venninne med å kasta henne utfor ein skrent ved Skjersholmane ferjekai på Stord. Han drog henne langs bakken og sleit av buksene hennar før ho blei valdteken.