— Den siste tida har han vore sjukmeldt, og det er han framleis. Slik sett er ikkje dette eit problem nå, seier fylkesopplæringssjef Svein-Erik Fjeld i Hordaland fylkeskommune. Læraren fekk to og eit halvt års fengsel for å ha valdteke ei jente han var klasseforstandar for. Overgrepet skjedde i bubilen hans siste skuledag før sommarferien i 2002.

I tida fram til rettssaka kom opp var læraren i vanleg arbeid det aller meste av tida. Skulen sørgde for at han ikkje underviste klasser med jenter i, men han fekk halde fram som lærar.

— Dommen er anka, og difor ikkje rettskraftig. Men slik saka står nå, vil det vere heilt uaktuelt å la mannen ha med elevar å gjere framover, seier Fjeld.

Rektor ved skulen var fredag i kontakt med fylkeskommunen for å drøfte kva dei skal gjere vidare.

— Dommen var veldig klar og tydeleg, og vi må ta han til etterretning, seier rektor.

Juristar i fylkeskommunen skal måndag diskutere den vidare gangen i saka med fylkesopplæringsavdelinga.

Det er ingenting i lovverket som seier at personar dømt for seksuelle overgrep ikkje har lov til å arbeide i den vidaregåande skulen. I grunnskulen har slike folk yrkesforbod.

Den valdtektsdømde 44-åringen vart i tingretten også dømt for å ha misbrukt stillinga si til å skaffe seg sex med eleven.

Sjølv nekta han for alt. Men DNA-prøver viste at ein sædflekk på innsida av buksa til jenta stamma frå klasseforstandaren, og tingretten konkluderte med at han opplagt laug då han forklarte seg om kva som hadde skjedd.