Mannen som har sona ferdig straffa, skal no busetjast under kommunalt oppsyn i Store Høydal i Flora.

Den siste tida har han tidvis budd i bygda for å venje seg til eit liv utanfor institusjon.

Sist veke var han tilbake på Tronvik i Høyanger, men fredag stakk han av i sin eigen bil. Mannen blei etterlyst i radio, og i meldinga blei det varsla om at han kunne vere ustabil og farleg.

I følgje Firdaposten skapte informasjonen om at mannen var på rømmen sterk frykt i den vesle bygda.

— Meldingane og telefonane gjekk frå hus til hus. Folk henta inn ungane og låste dørene, fortel Helge Terøy.

Mannen nådde også fram til Store Høydal fredag kveld. Der blei han pågripen av politiet etter å ha køyrt i autovernet.

Mannen skal etter planen bu fast i Store Høydal frå neste månad. Tenesteleiar Lasse Seim i Flora kommune seier ei slik rømming ikkje kunne ha skjedd med dei sikringstiltaka kommunen har lagt opp til.

Men bygdefolket kjenner seg ikkje trygge, og har bedt om eit møte med kommunen om saka. Tidlegare prøvde Flora kommune å busetje mannen i Rognaldsvåg på øya Reksta. Sterke reaksjonar frå øybuarane gjorde at politikarane snudde.