Terje Ulvedal

Saka er meld til politiet, og er under etterforsking ved Førde og Naustdal lensmannskontor. I tillegg til dei to domfelte i Beheim Karlsen-saka er også ein tredje person politimeld. Også denne ungdommen har vore sentral i det som ofte har vore omtalt som Naustdal-gjengen.

Overfor Bergens Tidende stadfestar politiet at saka er under etterforsking.

Prioritert — Saka vart meldt måndag. Så langt viser etterforskinga at dette ikkje dreiar seg om spesielt grov vald. Men på grunn av at dei melde er gamle kjenningar av politiet, har vi prioritert saka, opplyser vakthavande jurist ved Florø politistasjon, Terje Gjertsen.

Dei to fekk tre og eitt års fengsel for vald, trugsmål og rasistisk trakassering av Arve Beheim Karlsen. Men sidan dommen vart anka, er dei framleis på frifot.

Søla og grisa Det var natt til søndag at det var fest i eit bustadhus i Naustdal. I løpet av festen var mellom 30 og 40 ungdommar innom.

Like etter midnatt dukka dei to valdsdømde opp. Saman med dei var nokre yngre menn og ein «fan-club» av ungjenter.

— Dei var ikkje inviterte og vart nekta å komme inn. Då slo dei seg ned utanfor, fortel ein av festdeltakarane Bergens Tidende har vore i kontakt med.

Men då fleire av mennene forlot festen då det leid på natta, tok Naustdal-gjengen seg inn i huset. Her søla dei store mengder vin og øl utover golv og vegger.

I fleire timar - Til slutt låg det tjukke lag med vin og øl på alle golv i alle rom. Dei yppa til bråk heile tida. Men vi var så få att, at vi ikkje ville gripe inn. Vi var bevisste på at vi ikkje ville starte slåsskamp, seier festdeltakaren.

— Var de redde?

— Det var nok ein del gutar som var innstilte på at dei ville få juling.

Då ungdommane hadde vore i huset i kring tre timar, vart det teke affære.

— Etter at nokre av dei hadde gått av seg sjølv, vart dei tre som var att geleida ut. Då slo dei til ein av dei som var med på å få dei ut av huset. Han fekk også skjorta riven av.

Lite kommentarar Politiet er svært varsame med å kommentere etterforskinga.

— Så langt har vi konsentrert oss om å avhøyre nokre av festdeltakarane for å få klarlagt kva som har skjedd, fortel Terje Gjertsen.

— Kor tid vil dei tre som er melde verte kalla inn til avhøyr?

— Det kjem til å skje ein av dei næraste dagane, seier politiinspektøren.