— Det er eit viktig og spanande verv du har tatt på deg. I tillegg er det arbeidskrevande og svært interessant, sa Gisle Handeland til etterfylgjaren før han gjekk ned frå ordførarpodiet og sette seg på gruppeleiarplassen til Arbeidarpartiet.

Torill Selsvold Nyborg vart vald med alle røystene, 32, frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Pensjonistpartiet.

Gisle Handeland fekk 17 røyster, og Torill Otterskred, SV, fekk 6 røyster.

Gisle Handeland har vore fylkesordførar sidan valet i 1999. Dei fyrste to åra deretter var Helen Fløisand, KrF, fylkesvaraordførar, men Torill Selsvold Nyborg overtok det vervet etter at Fløisand gjekk attende til Bergen kommune hausten 2001. Det var KrF sitt skifte av koalisjon etter det siste valet, frå Arbeidarpartiet til Høgre/Frp, som gjorde det mogleg for Selsvold Nyborg å overta Gisle Handeland sin plass. Handeland vert no den fremste talsmannen for opposisjonen i fylkestinget.

Som ny fylkesvaraordførar vart vald Tom-Christer Nilsen frå Høgre.

Det nye fylkesutvalet vert samansett slik:

AP: Gisle Handeland, Joril Christensen, Hans Otto Robberstad.

FRP: Terje Søviknes, Jan Koløy, Monica Nilsen.

H, KRF, PP: Tom-Christer Nilsen, Kjellaug Holm, Jannikke H. Larsen, Pål Kårbø,

SP: Magnar Lussand.

RV, SV: Torill Otterskred, Bjørn Lothe.

V: Harald Hove.

KLAR TIL DYST: Torill Selsvold Nyborg rykkjer opp frå fylkesvaraordførar til fylkesordførar i Hordaland for perioden 2003-2007. ARKIVFOTO: THOR BRØDRESKIFT