Kløfta på 1970-talet: Staten treng land for å byggje motorveg. Det er snakk om ein bit på to kilometer langs E6. Men grunneigarane får ikkje full erstatning som dei meiner dei har krav på etter Grunnlova frå 1814. I 1973 vedtek Stortinget ein kontroversiell ekspropriasjonslov som nokre meiner bryt med dette kravet. Difor rasar det ein heftig avisdebatt då den første, store ekspropriasjonssaka kjem opp for Høgsterett før jul 1975.

Delt nesten på midten

Retten diskuterer i heile seks veker. Etter kvart tek nokre av dei 17 dommarane med puter å sitja på under dei lange møta. Domen fell 27. januar 1976. Ni dommarar meiner Høgsterett kan setje stortingsfleirtalet sin vilje til sides. Åtte dommarar kjem til motsett resultat. Retten slår fast at sjølv for Stortinget finst det grenser for kor mykje individet må finne seg i sjølv om det er til det allment beste.

Så stor usemje hadde det ikkje vore i Høgsterett i manns minne, og det var nesten 70 år sidan Høgsterett sist utfordra Stortinget så direkte. Avgjerda var kontroversiell både i og utanfor retten. For kan verkeleg Høgsterett setta seg over dei folkevalde når det er dei som etter Grunnlova skal gi lover?

Problemet er at kva som er lov, ikkje alltid er så klart.

Les vår forskerblogg:

Lovas tenar

Men det starta bra under den første samlinga i den norske Høgsteretten 30. juni 1815. Høgsterettsadvokat Bredo Morgenstjerne sa i hyllingstalen at retten skulle vere sjølvstendig og ikkje underlagt anna herredøme enn lovas. Det skulle handle om rettferd. Dommarane sine moralske og private meiningar om korleis lova burde vere, måtte ikkje fortrenge lovlege juridiske bevis. Høgsterett skulle vere lovas tenar, ikkje lovas herre.

Riksforsamlinga på Eidsvoll skreiv inn i Grunnlova at ein Høgsterett skulle døme i siste instans. Det var heilt i tråd med maktfordelingslæra til den franske politiske filosofen Charles Montesquieu (1689— 1755). Sjølvstendige domstolar var adelsmerket til ein liberal og fri nasjon. Den norske Høgsteretten hadde riktig nok den gamle dansk-norske som førebilete, men det var ein viktig skilnad: Den dansk-norske retten dømde i Kongens namn, og var dermed symbolsk underlagt den eineveldige monarken. Den nye norske retten skulle derimot vere uavhengig av både den lovgivande og utøvande makta.

HEMMELEG: Dette er den første sida i voteringsprotokollen frå det første møtet i Høgsterett 30. juni 1815. Protokollane var hemmelege for offentlegheita, men kvar enkelt dommar sitt syn blei skriven inn
Riksarkivet

Fekk ikkje gravlegge spedborn

Sidan starten har Høgsterett spelt ei viktig rolle i den norske samfunnsutviklinga. Ikkje berre ved å vere ein sentral markør for landets sjølvstende, men ved å gå opp den uskarpe grensa mellom juss og politikk. For idealet om å vere eit passivt talerøyr for lova, blei raskt utfordra i møte med røyndomen og konkrete saker. Folks levde liv lét seg ikkje alltid spegle eintydig i lovverket.

Riksforsamlinga på Eidsvoll skreiv inn i Grunnlova at ein Høgsterett skulle døme i siste instans.

Eit døme var kvekaren Elias Tastad frå Stavanger. I 1821 gravla han dei ni månader gamle tvillingdøtrene sine utanfor kyrkjegarden fordi presten nekta han gravplass innanfor. Faren ville nemleg ikkje ha kyrkjeleg seremoni slik kvekartrua tilsa. Han vart tiltala, og då saka kom til Høgsterett, delte retten seg i to. Tre av dommarane la til grunn at Grunnlova heimla religionsfridom, fire at den ikkje gjorde det. Gjennom si tolking kunne dommarane vere i glideflukt mot lovgivaren sin plass og spegle samtidige samfunnskonfliktar meir enn rettsreglar. Sjølv i ei meir kvardagsleg sak som den mot Elias, kunne det altså vere langt frå klart kva som var rett etter lova.

Suverene statsmakter?

Endå vanskelegare var det i dei meir sjeldne, men langt meir oppsiktsvekkjande sakene der striden stod mellom lov og grunnlov. Då kunne ikkje Høgsterett vere den eine sin tenar utan å gjere seg til herre over den andre. Så kven sin rett skulle domstolen spegle?

INDIVIDET FØRST: Høgsterett slår fast at sjølv for Stortinget finst det grenser for kor mykje individet må finne seg i sjølv om det er til det allment beste.
Høgsterett

Spørsmålet kom på spissen alt i 1822, men den store og avgjerande dommen fall i 1866. Her formulerte justitiarius Peder Lasson Høgsterett sin prøvingsrett, det vil seie retten til å setje ei lov til sides når ein meiner at den strider mot Grunnlova. For, hevda Lasson, all makt må kontrollerast, og kven andre enn Høgsterett skulle vakte på at Stortinget ikkje gjorde seg skuld i maktmisbruk?

Slett ikkje alle var samde i dette resonnementet. Johan Sverdrup, arkitekten bak innføringa av parlamentarismen, spurte retorisk om ein høgsterettsdom skulle stå over Stortinget og Regjeringa — «de suverene Statsmagters Beslutninger».

Sverdrup svarte sjølv klart nei.

Lystra ikkje tyskarane

Parlamentarismen som blei innført i 1884, styrka Stortinget som statsmakt sterkt. Allereie året etter byrja politikarane kampen mot ein Høgsterett som Johan Sverdrup og hans Venstre fann var for sjølvrådig. I 1918 blei kampen både vunnen og tapt. Stortinget meinte at konsesjonslova ikkje streid mot Grunnlova, og Høgsterett støtta politikarane. Men samstundes sa Høgsterett at domstolen likevel hadde rett til å prøve ein lov mot Grunnlova om den ville. Med andre ord; Høgsterett skulle vere Grunnlova sin tenar og elles sin eigen herre.

Då okkupasjonsmakta ville tvinge domstolen til å nytte lover som streid mot Grunnlova, la høgsterettsdommarane ned embeta sine.

At Høgsterett ikkje gav slepp på prøvingsretten, skulle kome godt med. Etter april 1940 blei Høgsterett sitjande, slik dommarar gjorde i områda som blei okkupert av tyske styrkar rundt i Europa. Men då okkupasjonsmakta ville tvinge domstolen til å nytte lover som streid mot Grunnlova, la høgsterettsdommarane ned embeta sine. Justitiarius Paal Berg blei æresdoktor ved universitetet i København for denne symboltunge motstandshandlinga.

EØS og menneskerettar

Etter andre verdskrigen var Høgsterett svært varsam med å kome på kollisjonskurs med Stortinget. Alle krefter gjekk med til gjenreisinga og ikkje på indre strid - inntil Kløftadommen om ekspropriasjon i 1976. Etter det var det stille. Det var som om Høgsterett rett og slett blei forskrekka over kva dei hadde gjort og over eiga makt.

Først frå midten av 1990-talet viste Høgsterett seg klar til å nytte denne makta meir aktivt. I 1994 og 1999 blei EØS-retten og dei sentrale menneskerettane ein del av norsk rett. Dermed fekk Høgsterett som oppgåve å kontrollere Stortinget sine lover opp mot desse reglane også. Så meir enn nokon sinne er altså spørsmålet kva lov Høgsterett skal spegla, og kven sin herre og kven sin tenar domstolen skal vere.

UiB innleier Høgsterettsjubileet med arrangement på Litteraturhuset i kveld og i Gulating i morgon.

Les flere Innsikter på bt.no/nyheter/innsikt

LOVAS SPEGEL: Under det første møtet i Høgsterett 30. juni 1815 gav Bredo Morgenstjerne (1774- 1835) klar melding: Norges Høgsterett skulle vere lovas spegel.
NN