Opplysningane kom fram då leiinga ved allaktivitetshuset for ungdom kalla inn til pressekonferanse i dag.

Det var seint fredag kveld at innvandrarungdom og ungdommar med norsk opphav hamna i masseslagsmål på parkeringsplassen utanfor ungdomshuset. Ingen pådrog seg alvorlege skader, men to av ungdommane blei sende til sjukehus for røntgen.

— Det kanskje mest alvorlege var det som skjedde etter at tumultane starta. Frå den eine leiren blei det ringt etter «forsterkingar». Det kom vaksne til og tok del, sa leiar for Skrivarløa, Ove Henning Solheim.

Slagvåpen

Han ønskte ikkje å svare på kven som hadde tilkalla «vaksenhjelp», men ifølgje politiet var det innvandrarungdommane som fekk hjelp.

— Vi har opplysningar som tyder på at dei kontakta vaksne som kom til. Dette er noko vi no etterforskar nærare, seier lensmann Kjell Fonn.

Førde-politiet har framleis ikkje fullt oversyn over kor mange som tok del i slagsmålet, eller kva som var den konkrete årsaka. Politiet kan heller ikkje stadfeste at det blei brukt jarnstenger under slagsmålet.

— Men vi har vitne som har fortalt at det var brukt slagvåpen, opplyser lensmannen.

Skrivarløa-leiar Ove Henning Solheim var nær ved å stengje lokalet etter slagsmålet, men ombestemte seg.

— Om dette ikkje hadde skjedd ved Skrivarløa, kunne det ha skjedd ein annan plass i Førde. Og kven kunne då ordna opp?, spør han.

Grobotn for rasisme

På dagens pressekonferanse la ikkje Solheim skjul på at han meiner det er konflikter mellom etnisk norsk ungdom og unge med innvandrarbakgrunn i Førde.

— Vi ser ein del underliggjande tonar i Førde-miljøet som handlar om rasisme. Dette finst i begge leirar, seier Solheim.

Han fekk støtte av fleire Skrivarløa-brukarar som var med på pressekonferansen. Ungdommane fortalde om stadige tilfelle av «småknuffing».

— Det er mest ord det går på. Erting og sånn. Og enkelte gonger kan det utvikle seg vidare derifrå, stadfestar fleire av dei unge.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, var årsaka til slagsmålet fredag eit munnhoggeri som hadde skjedd tidlegare på kvelden.

Blei redde

Ove Henning Solheim meiner no det må til eit breiare engasjement frå foreldra.

— Vi vil arbeide for å betre vakthaldet på Skrivarløa. Det betyr fleire vaksne, seier Solheim, som også meiner barnevernet og helse- og sosialetaten må gå sterkare inn i konfliktane mellom ungdomsgrupper i Førde.

— Det har trass alt vore tilsvarande episodar før. No bør tida vere inne for å snu dette til noko konstruktivt.

Solheim la ikkje skjul på at mange av ungdommane som var på Løa fredag kveld opplevde opptrinnet som svært skremmande.

— Dei blei redde. Vi måtte køyre fleire heim, fortel leiaren for aktivitetshuset.