Rune Solheim skulle berre på butikken, morgonen laurdag 26. januar. Men då han kom ut døra, fekk han seg eit sjokk.

Bilen han hadde parkert langs vegen på Elveneset i Fana dagen før, sto no oppå ein plen — fem meter frå der Solheim hadde sett den frå seg. Bak hadde den store skadar.

— Det hadde skjedd rett utfor døra mi. Eg blei heilt sjokkert, fortel Solheim.

Han melde straks tilfellet til politiet, som kom og tok bilete av åstaden og hjalp Solheim med å få rygga bilen ned på vegen att. Seinare har dei henlagt saken.

Måtte vraka bilen

Skadane på bilen var så store at Solheim måtte vraka den. Bensintanken var mellom anna trykt inn, og det ville ikkje ha lønna seg å reparera alt.

Det har vore ei stor økonomisk påkjenning. Solheim hadde ikkje forsikring, og hadde akkurat brukt 40.000 kroner på reparasjonar.

— Det er nesten tragikomisk alt saman, seier Solheim.

LITA HJELP: Rune Solheim fann denne lappen festa til frontruta på bilen. Men vatn hadde viska ut alt som sto på den.
Rune Solheim

Solheim står att med ein bil han ikkje kan bruka, og anar ikkje kven som er skuld i det heile.— Det låg ein lapp under viskaren på vindauget, som var skriven på med tusj. Men alt var regna vekk. Eg hadde jo trudd vedkommande ville ta kontakt igjen, men det skjedde ikkje, seier Solheim.

No er han desperat etter å få tak i den som har gjort skaden.

— Det er irriterande at folk stikk av og ikkje gjer noko med det, seier Solheim.

- Har ikkje gjort det

Sjølv høyrde han ingenting iløpet av natta, men ein nabo kom heim rundt klokka tre og tok bilete av bilen med skadene. Solheim reknar difor med det heile skjedde mellom to og tre natt til 26. januar.

Skadene er så store, at Solheim meiner det må vera ein stor bil som har påført han dei. Han meiner også skaden bak på bilen kunne passa med eit brøyteskjer, og tok difor raskt kontakt med Mesta som brøytar i området.

— Det byrja å snø den kvelden, så det var brøytebilar ute. Men dei har undersøkt og meiner det ikkje er nokon av sjåførane deira, seier Solheim.

Kommunikasjonssjef Erik Riste i Mesta bekreftar at det er dei som brøytar vegen Solheim bur i, men står fast på at dei umogleg kan stå bak skadane.

— Me har både prata med dei som køyrer der, og gått gjennom våre data frå køyretøya som viser kvar og når dei har køyrt. Me har ikkje forårsaka den skaden, seier Riste.