I firetida vakna ei kvinne i 50-åra av at ein ukjent mann var på soverommet i leilegheita hennar i sentrum av Førde. Kvinna var aleine heime.

— Det er ukjent korleis han har kome seg inn i huset, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen forsvann då kvinna vakna. Då hadde han allereie rukke å romstert rundt i leilegheita og blant anna stole ein del kontantar.

Politiet set innbrotet i samanheng med eit innbrotsforsøk i same område tidlegare på natta, og ser etter difor to personar, ein mann og ei kvinne.

Før klokka ni var to personar pågripne.

— Vi har pågripe ein mann i 20-åra og ei kvinne i 30-åra, seier operasjonsleiar.

Begge skal vere kjenningar av politiet, og vart pågripne i Førde.