Etter eit nesten ti timar langt kommunestyremøte, vedtok dei folkevalde skulenedlegging med knappast mogleg fleirtal. Avgjerda om å leggje ned småskulane og byggje ny sjukeheim vart gjort med 19 mot 18 stemmer. Mindretalet ville ruste opp den gamle sjukeheimen, og avvikle færre skular.

Halverer

Dermed halverer Vågsøy talet på barneskular. Alt til hausten stengjer tre skular: Vedvik, Husevåg og Nordstranda. Dette er skular som ville hatt frå seks til 20 elevar ved skulestart neste år. Frå hausten 2003 går Kvalheim og Våge-Oppedal over i historia. Våge-Oppedal er største barneskulen som vert nedlagt, der er det nærare 30 elevar.

Nedlegginga av skulane vil i følgje utrekningane gje innsparingar på 4,4 millionar kroner i året. Skuledebatten i Vågsøy har vore svært hard. Mange av innbyggjarane i skulekrinsane som no vert lagt ned, kjenner seg lurte etter at politikarane etter ein opprivande skuledebatt i fjor lova å frede skulane for fleire år.