Det er tung symbolikk over innsiglinga til Dåfjorden Slipp. Her er trongt, grunt og kronglete.

Trongt er også nålauga for å få tilgang til fagkunnskapen og kompetansen som finst inst i den tronge vika, som endar i Dåfjordeidet, med den gamle dampskipsekspedisjonen. Her har det vore skipsverft sidan 1916 og slipp sidan 1934.

På slippen, der «Oster» nyleg blei reparert i hui og hast, står nett no fiskebåten «Stordingen», og på vågen ligg båtar side om side. Båtar i stål, og båtar i tre. I den nye verkstadhallen blir ein av sluseportane frå Lindåsslusene sett i stand. Dåfjorden Slipp femner vidt og har mang slags arbeid å henga fingrane i.

Hektisk aktivitet

— Vi har arbeid i år framover, seier Steinar Andersen, slippeigar i fjerde generasjon.

Men strukturen er flat, og på pauserommet finst ingen titlar, berre Steinar og Konrad og Gerhard og Kjell.

Her er det grove arbeidsnevar som grip rundt kaffikoppen, oljete fingrar som formar rullingsen, og røykjarane er i fleirtal. Ikkje eit forbodsskilt er å sjå.

Men pauserommet er ikkje det som er mest brukt av karane på Dåfjorden Slipp. Her blir det sveist og pussa, vassblåst og klinka. Ein vinkelslipar fresar her, ei boremaskin durar der. Båtar som hos andre påkallar motløyse og resignasjon, blir møysommeleg, spant for spant og nagl for nagl, reparert og sett i stand av dei fem nevenyttige som svermar rundt kai og slipp.

— Eigentleg held vi på med altfor mykje. Somme tider må vi arbeida natt og dag, seier Steinar Andersen.

Sprengd kapasitet

Telefonen får ikkje liggja lenge i ro i lomma på Steinar Andersen. Folk ringjer frå fjern og nær. Støtt får han spørsmål frå båteigarar, profesjonelle og amatørar, om å hjelpa til med eit prosjekt. Det kan vera reint vedlikehald, større reparasjonar eller omfattande restaureringsoppgåver. Mange får nei. Ikkje av vond vilje, men fordi kapasiteten ikkje strekk til. Mange får råd, kanskje ikkje om å slå det frå seg, men om å tenkja seg godt om.

— Fordi det alltid viser seg å bli meir omfattande, tidkrevjande og dyrare enn dei hadde tenkt, seier Steinar Andersen.

Pågangen som Dåfjorden Slipp opplever, har sjølvsagt med rykte og omdøme å gjera. Dessutan er det ikkje så mange verkstader av denne typen att langs kysten.

Men heller enn å riva og leggja ned og setja opp rorbuer og leva Herrens glade dagar på byfolks pengar, vil Dåfjord-karane halda liv i faget og yta rettferd til livsverket som Albert Andersen let etter seg.

«Familietragedie»

— Ein skikkeleg familietragedie, humrar Steinar og faren Audun, der dei viser rundt i vindskeive lokale, på kaiar og i sag. Her sit meir enn oljesøl og jarnspon i veggene. Kranen på kaia står på eit gammalt kanonfundament etter tyskarane. Boremaskina er frå 1907 og stod opphavleg hjå Wichmann på Rubbestadneset.

Ingen er blitt rike, men det har heller ikkje vore målet.

— Noko å gjera, noko å leva av. Og så er det kjekt med nøgde kundar, fortel Audun Andersen, som i 2005 overlet drifta til sonen.

Spesialiteten er blitt istandsetjing av gamle båtar. I Dåfjorden blir båtar berga og liv forlenga med mange tiår.

Ikkje for æva

— For ingen båtar er bygde for æva, påpeikar Steinar Andersen.

— Dei har si tid, kanskje ikkje meir enn 20-30 år, så er det meininga at dei skal hoggast.

Dåfjorden er staden der tidas tann blir utfordra. Betre opplagshamn for «Granvin» kan knapt tenkjast. Vinteren gjennom pussar og gnikkar entusiastane på den gamle rutebåten, og treng dei råd eller hjelp til noko, er det berre å gaula. Ved sida ligg «Tysnes» og «Stavenes» og får same kjærlege omsorg. Noko på dugnad, resten er det Dåfjorden Slipp som står for.

Ein dag skal dei óg skina, ein dag skal dei óg ploga seg veg fjordalangs att. Nett slik som «Granvin».

øivind christensen
øivind christensen
øivind christensen