— Hei, eg kjem frå Bergens Tidende. Vi lagar ei reportasje i samband med bråket i Helse Førde.

— Oj, då må vi ta vekk namneskilta våre. Du må ikkje skrive kven vi er, seier ei kvitkledd kvinne.

Det er tidleg føremiddag på Nordfjord sjukehus. Ute krafsar kuldegradene. Inne i kantina sit tilsette og et rundstykke med ost. Dei siste dagane har praten rundt bordet handla mykje om problema i Helse Førde. Både legar og sjukepleiarar har lese fleire aviser enn vanleg og fått med seg kritikken mot direktør Jon Bolstad, men dei vil ikkje stå fram med namn og bilete og fortelje kva dei meiner sjølv.

Sjokkert

— Vi er redde. Eg har mange gonger hatt lyst til å seie noko, men eg kan ikkje la det gå ut over jobben. Alle veit jo kva som skjedde med Torild, seier ei.

Ho siktar til sjukepleiaren Torild Sørland som vart oppringt og kjefta på av Bolstad etter at ho skreiv eit lesarinnlegg om behandlinga av slagpasientar i fylket.

Kvinnene vart sjokkerte då dei leste om dei nye møbelinnkjøpa til direktøren, men dei er glade for at saka kjem fram.

— Kanskje kan det føre til ei betring av situasjonen i fylket, seier dei.

Nokre etasjer over sit tillitsvald for sjukepleiarane, Martha Kjøllesdal. Ho og talsmann for legeforeininga i Nordfjord, Renè Kløtz, pratar seg varme om situasjonen på det vesle sjukehuset. Dei fortel om overarbeida pleiarar, nedskjeringar og sjefar som ikkje er interessert i å lytte til det dei har å seie.

- Veks som ein svulst

— Eigentleg har vi ikkje hatt god stemning på sjukehuset sidan 2004. Folk er så slitne at dei begynner å sjukmelde seg. Det er veldig trist, for miljøet her er i utgangspunktet kjempebra, seier Kjøllesdal.

Både ho og Kløtz meiner at leiinga i helse Førde må ta mykje av skulda for den vanskelege situasjonen.

— Dei kuttar i pleiepersonalet som skal ta seg av pasientane. Samstundes aukar administrasjonen som ein kreftsvulst. Dersom ein skal kjøpa noko til 50.000 kroner må det først handsamast lokalt, så skal det diskuterast i Førde og så skal saka tilbake til oss. Eg skjønar ikkje at dette kan vere spesielt effektivt, sukkar Kløtz.

- Leiinga vil ikkje høyre

For å spare pengar vart sjukehuset pålagt å slå saman medisinsk og ortopedisk avdeling i helgane. Dette har ført til sjukdom og frustrasjon blant pasientar og tilsette.

— For ei tid tilbake hadde vi spreiing av eit magevirus på avdelinga. Det seier seg sjølv at det ikkje er bra å leggja nyopererte hoftepasientar saman med dei som er sjuke av til dømes lungebetennelse, seier Kjøllesdal.

Ho snakkar fort og utan pausar. Sjukepleiaren har mykje på hjartet og det er sjeldan ho har høve til å få det ut.

— Det er nesten terapi dette. Slik vert det når sjefane våre ikkje vil kome og høyre på det vi meiner, seier ho og smiler oppgitt.

Høg fagleg kompetanse

Medan vi snakkar kjem tre sjukepleiarar inn frå gangen. Dei vil korkje seie kva dei heiter eller kvar dei jobbar.

— Eg har vore inne på teppet hos Bolstad sjølv fordi eg pratar for mykje. Men eg meiner eg har ei plikt til å seie det eg meiner, seier Kløtz

Trass i den vanskelege situasjonen er samhaldet på Nordfjord sjukehus svært godt. Den faglege kompetansen er høg og fleire fortel at dei trass alt trivst godt på arbeidsplassen.

— Eg meiner dette sjukehuset er svært bra når ein ser på dei ressursane vi rår over. Men det er trist å sjå den situasjonen vi har hamna i no, seier Kløtz.