Byrådet ville rive delar av toppetasjen i dei tre leilegheitsblokkene for å få skråtak.

Så kom Komite for miljø og byutvikling (bygningsrådet) torsdag med eit nytt vedtak der dette kravet ikkje er nemnd.

Her er rett nok eit punkt som nemner at høgder og avstand til naboar «vil gi betydelige naboulemper». Og det tolkar komiteleiar Anne Gine Hestetun slik:

— Frå vår side har intensjonen heile tida vore at den øvste etasjen må rivast, men det er byrådet som no må analysere konsekvensane av vedtaket, seier ho.

Noko klart svar kan heller ikkje byrådet gje.

— Vi har ikkje gått i detaljar når det gjeld kva dette vedtaket vil seie i praksis. Saka skal jo vidare til fylkesmannen. Viss vedtaket blir oppretthalde må vi gå i dialog med Rakner om kva som skal gjerast med bygget, seier byråd for byutvikling Lisbeth Iversen.

Får å få ned den såkalla tomteutnyttingsgraden (TU) frå 95 til 80 prosent, slik politikarane no krev, må bygga reduserast med nær 280 kvadratmeter. Skal den ned til 83 prosent, slik byrådet har akseptert, blir reduksjonen 220 kvadratmeter.

Det tilsvarar svært omtrentleg storleiken på den mest omdiskuterte blokka, den som ligg nærmast naboen på nedsida (blokk D).

Viss ein fjernar tredje etasjen på alle tre blokkene vil det utgjere nærmare 400 kvadratmeter.

Eit anna spørsmål er om kommunen og Rakner kan kome fram til eit kompromiss, slik at reduksjonen ikkje blir så stor.