Aud Opheim Lygre for Hardangerbrua og Inge Børslien for Jondalstunnelen vart i går samde om våpenkvile, men heller ikkje meir, etter at det dagen før var utveksla skarpe ord mellom partane.

— Dersom Hardangerbrua og Jondalstunnelen skapar kløyving i Hardanger, slik BT formulerte det i går, så ligg heile ansvaret på Folkeaksjonen Jondalstunnelen nå, seier Aud Opheim Lygre i Eidfjord til Bergens Tidende.

Aud Opheim Lygre er leiar for organisasjonen Hardangerbru med betre vegar. Ho reagerte kraftig på eit par setningar i eit brev Folkeaksjonen har sendt til hordalandsbenken på Stortinget.

Dreg brevet attende

I brevet hevda Folkeaksjonen at Hardangerbrua ikkje ville ha nokon samferdslemessige fordelar for indre Hardanger eller kommunane rundt, «snarere tvert i mot».

Inge Børslien i Folkeaksjonen vedgår utan vidare at det var feil at dette brevet vart sendt til hordalandsbenken på Stortinget, fordi det eigentleg var ein kladd.

— Vi seier oss leie for dette og dreg det attende. Sjølvsagt ser vi at Hardangerbrua vil ha klåre fordelar for dei kommunane som ligg nærast opptil, seier Inge Børslien til BT.

Flott med tunnelen

Hardangerbru med betre vegar vart skipa i 1996, under oppkøyringa til avstemninga i Stortinget, der det var nei til brua.

— Vi har lege litt i dvale, men no er det kanskje på tida å røra litt på seg att. Vi skal ha årsmøte no til våren, seier Aud Opheim Lygre.

— Sei noko stygt om Jondalstunnelen då.

— Nei, det har vi alltid halde oss unna. Vi meiner det er flott med både Hardangerbru og Jondalstunnel, og forstår svært godt dei som kjempar for tunnelen, seier Aud Opheim Lygre.

Inge Børslien vil for sin del ikkje lova varig fred med Hardangerbrua. Skulle det skje at Jondalstunnelen og Hardangerbrua om eit par år båe står på lista over riksveganlegg, vil tonen verta skjerpa. Det er ikkje til å unngå.

Aud Opheim Lygre er også klår over det.

— Men det burde vera rom for både brua og tunnelen. Til saman er det snakk om ca. 200 millionar kroner frå Stortinget. Var det ikkje 800 millionar Trekantsambandet fekk?

— Eg trur ikkje det tener saka at frifantar (les: Folkeaksjonen Jondalstunnelen nå) tek over og styrer sakene. Det er viktig at fylkestinget tek kontrollen her, seier Magnar Lussand, styreformann i Hardangerbrua AS.

— Slik eg ser det, vil brua og tunnelen tena ulike trafikkstraumar. Vi har aldri gjort front mot Hardangerbrua, vi arbeider for vårt formål, seier Eilev Instanes.