Fjord1 Fylkesbaatane har avgjort å innstille ferjesambanda Askvoll-Værlandet og Smørhamn-Kjelkenes i Bremanger.

Også i flytrafikken er det vanskar. Sidan i føremiddag har det verken landa eller letta fly frå Florø. På dei andre kortbaneflyplassane har trafikken derimot gått omtrent som normalt.

Reisande må også rekne med at vegstengingar utover kvelden, ikkje minst på fjellovergangane der Vikafjellet som den første har blitt mellombels stengd.

Vegar med kolonnekjøring/stenging søndag kveld:

Rv 7 HARDANGERVIDDA: Kolonnekjøring på grunn av uvêr.

Rv 13 GAULARFJELL: Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.

Rv 13 VIKAFJELLET: Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.

Rv 50 HOL — AURLAND: mellom Geiteryggtunnelen og Øyestøl Kolonnekjøring på grunn av uvêr. Fjellet vil bli mellombels stengt klokka 22:00 på grunn av uvêr.

VANNPLANING: Et værbilde ikke ulikt dagens. Bildet er tatt ved Hardangerveien i 12. oktober i år.
Silje Katrine Robinson