— Dette naustet var i utgangspunktet tre meter høgt. Inni hadde eg to båtar, ei båtvogn og ein tilhengar. Jord- og steinraset har flytta heile naustet. Berre den øvste etasjen ligg over massane, seier Jakob Nybakk (69) til Bergens Tidende.

Korkje Nybakk eller far hans på 90 år kan hugse noko liknande. Gårsdagens uvêr overgår det meste.

Mellom anna er vegen ut til ein molo i Refvik dekka av stein- og jordmassar. Nokre stader er jordrasa mellom 50 og 60 meter breie og fleire meter høge.

Moloen er ein populær overnattingsstad for bubilturistar. I går kveld vart det observert ein tysk bubil på moloen. Turistane har etter alt å døme kome seg på tryggare grunn før regnet sette inn for fullt.

Rekord

Ingen veit nøyaktig kor mykje regn som fall nord på Vågsøy natt til laurdag. Det er ingen offisielle målestasjonar i området. Skal vi tru målinga som ein privatperson gjorde, fall det heile 77 mm regn på tre timar.

Til samanlikning fall det på tolv timar 70,5 mm regn over Bergen i august i fjor. Den gongen førte nedbøren til store avisoverskrifter.

— 77 mm er veldig mykje. Normalt fell det rundt 79 mm i heile august i dette området, seier statsmeteorolog Merete Øyestad ved Vêrvarslinga på Vestlandet. Ho har ingen god forklaring på kvifor det bøtta ned med vatn så lokalt og akkurat her.

Liten radius

Dei største skadane er registrert i ein radius på nokre få kilometer nord på Vågsøy. Lensmann Reinhardt Sørgård i Vågsøy kommune har fått inn rundt 30 meldingar om materielle skader i området rundt Refvik og Vedvik. Minst fem kjellarar stod under vatn i morgontimane i går, og brannvesenet måtte hjelpe til med å pumpe ut vatn.

— Det er ikkje meldt om personskadar, heldigvis, seier lensmannen.

Han vågar ikkje spekulera i kor mange millionar kroner som er vaska vekk, men trur det er snakk om store summar. Til veka byrjar arbeidet med å taksere skadane.

Fryktar for sauene

Bonde Henning Refvik hadde rundt 400 sauer på beite i området like ved naustet til Nybakk. No fryktar han det verste.

— Eg trur sau er tatt av rasa. Men eg får ikkje oversikt over kor mange før vi tek dei inn frå beite til hausten. Tragedien har ikkje gått opp for meg enno, seier Refvik.

Natt til laurdag vakna han fleire gonger av det kraftige regnet, men hadde aldri trudd at det kom så mykje. Då han såg alle rasa som låg ned langs fjellet, sprang han til fjells for å sjå etter saueflokken.

Elva fjerna 150 meter veg

— Det nesten litt komisk. Då eg vakna på morgonen var det sol og fint vêr, fortel ein oppgitt Ingolf Nyborg.

Han bur i byggefeltet i Vedvik. Den 150 meter lange vegen ned til huset forsvann då elva gjekk over sine breidder.

— Vegen har lege der i 30 til 35 år. Elva som går langs vegen har aldri gått over sine bredder før i natt. No er det berre ei steinur igjen der vegen var, seier Nyborg som pent må la bilen stå i garasjen ei stund til.

EIN HEILT ANNAN STAD: Jord- og steinraset har flytta heile naustet til Jakob Nybakk (t.v.). Her inspiserer han skadane saman med naboane Bjarne Refvik og Kristian Refvik.